eit fabelaktig figurteater

for vaksne og barn

Riquet og Mirabelle

Marionettestykket «Riquet og Mirabelle» kombinerer det franske eventyret «Riquet à la Houppe» av Charles Perrault frå 1697 med element frå Oscar Wilde sitt eventyr «Infantinnens fødselsdag». Det romantiske eventyret finn stad i Sør-Frankrike i renessansetida. Riquet, ein prins fødd med hesleg andlet og kropp, men veldig klok og forstandig, forelska seg i den vakraste, men dummaste prinsessa i kongeriket, som dessverre slett ikkje er interessert i han. Historia fortel korleis desse to i utgangspunktet så forskjellige og ulukkelege menneska trass alt finn kvarandre og til slutt blir lukkelege.

 

«Riquet og Mirabelle» er eit stykke for heile familien. Historia vert opplesen mens marionettar bevegar seg til lesarens stemme og klangen av mandolin og gitar. 

Med: Einar Mjølsnes (forteljar), Wiebke Lüders (marionettspelar), Anne Arneberg (marionettspelar) og Semon Harerusten (musikar/mandolin og gitar)

 

«Riquet og Mirabelle» skal ha premiere 14. desember 2024.

 

Laurdag 14.12.24  kl. 16 og 19

Sundag 15.12.24     kl. 14 og 19