eit fabelaktig figurteater

for vaksne og barn

Nattergalen og rosen

«Nattergalen og rosen» av den irske forfattaren Oscar Wilde vart for fyrste gong publisert i 1888 som ein del av samlinga «Den lykkelige prins og andre eventyr». Det er den rørande historia om ein nattergal som ville ofra seg sjølv for den menneskelege kjærleiken.

Forestillinga ynskjer å framkalla ei kunstnarleg ånd som i den Viktorianske tida og La Belle Époque i Storbritannia. Historia vert opplesen mens marionettar bevegar seg til lesarens stemme og den sjarmerande klangen av hardingfela.

Med: Knut Hamre (hardingfele), Einar Mjølsnes (forteljar), Wiebke Lüders (marionettspelar) og Kristina Hjetland (marionettspelar)