eit fabelaktig figurteater

for vaksne og barn

Faunens ettermiddag

"Faunens ettermiddag" er eit samarbeidsprosjekt med Fiddlesticks figurteater og Orkesteret Fossegrimen og har som mål samstundes å introdusera klassisk musikk og tradisjonell marionetteteater til born, unge og vaknse. Ein levande orkesterkonsert med i hovudsak fransk og norsk impresjonistisk musikk vert sett saman med ei marionetteteaterforestilling. Prosjektet baserer seg på Claude Debussy sitt symfoniske dikt for orkester ”Prélude à l’après midi d’un faune” (”Faunens ettermiddag”) frå 1894. Handlinga i spelet inneholder skogscener laust samanknytt med scener frå opne landskap ein varm sumardag, lyst og luftig liksom musikken. Sjølve den fysiske teaterscena er lett og flyttbar, slik at forestillinga kan visast mange ulike stader. Tre personar, Kristina Hjetland, Astri Sudmann og Wiebke Lüders, skal framføre denne marionetteteater-forestillinga.

 

Faunens ettermiddag skal ha premiere 23.10.2021 på Voss Ungdomshall og skal framførast tre ganger:

 

Laurdag 23.10.   kl. 16

Sundag 24.10.   kl. 14 og 16